Klesnor
Denne har vore på ønskelista mi i fleire år, men eg visste ikkje heilt kvar ho skulle stå...
No har den endeleg kome på plass i hagen.
Eg sto for mål, arbeidsteikning og til slutt maling, husbonden for sjølve konstruksjonen.
Eit lite samarbeidsprosjekt med andre ord!
Gjett om eg vart fornøgd?!
Ekstra kjekt med slikt som er sjølvgjort!
Bak klesnora, ned mot sjøen planlegg vi å sette opp eit stakittgjerde,
men først må vi gjere ferdig nokon andre prosjekt....
Eg fekk meg forresten litt av ein overraskelse sist eg og ungane var på krabbejakt i fjøra,
for de skulle berre sett kva ho mor sjølv kom dragande heim med....
men det får vi kome tilbake til ;-)
Då gjenstår det berre å ønske alle ei fin ny veke!
Mvh
Monica