Sider

onsdag 29. mai 2013

HEGG og PLOMMETRE i blomst

og livet er herlig!

 

Eg gjekk meg ein tur 
tok med fotoapperatet
tok litt bilder
og plukka meg ein stor bukett med Hegg som eg tok med heim
- Gjett om eg kosa meg?!

 

Favorittfargane mine; kvit, grøn og sølv/ zink.....
Reint og friskt! 

 

Lyden av sirlande vatn frå vannpumpa i hagen.....

 

Lukta av vår!

Håpar alle der ute nyt gode mai-dagar!

Mvh

Monica

torsdag 23. mai 2013

Mai

Mai i hagen

 

På trappa står vannkanna klar - om eg skulle få bruk for den.... 
Plommetreet står fullt av blomster og knuppar- Så fint!!!

 

Vi har hatt ei nydeleg Pinsehelg med sol og sommartemperaturar
-men så kom regnet igjen og nysnøen kryp nedover fjellsida, håper berre den held seg der!
Det er i alle fall godt å sjå kor alt skyt fart i hagen og verda forandrar seg frå tist gulbrun til friskt grøn med herlige fargeklattar i form av diverse blomster- og så godt som det luktar ute!
No blomstrar heggen også- og sprer god lukt over heile hagen!

Ein liten kolasje samansatt av noko av det som blomstrar i mitt kvite (og litt for mykje gule) bed akkurat no- det gule er ikkje representert i kolasjen...


 Sommarfuglane har også gjort sitt inntog i hagen- så vakre! Her saman med Kuleprimula og vanlig Primula. Dette trur eg er ein Neslesommarfugl Aglais urticae. 

          

Tulipanblomstring må vel vere eit av vårens store høgdepunkt?!
Her i hagen er dei fleste i full gang no- og eg er på daglige inspeksjonsrunder :-)

          

Rutelilje er så fin- Eg rakk akkurat å forevige dei før naboens søte små lam kom på besøk og spiste opp alle som ein- får håpe dei ikkje er giftige...

          

I skuggepartia står kvitveisa fortsatt i blomst
 Nydeleg når heile skogbotnen er dekt av desse søte små!

           

Våren byr på eit yrande fugleliv- her representert av Linerle og Tjeld fotografert i fjøra.
I hagen i dag har eg observert; rødstrupe, bokfink, grønnfink, kjøtmeis, blåmeis, dompapp, spurv, svarthvit fluesnapper og ein Grønnsisik -Kosar meg!
Kjøtmeis og svarthvit fluesnapper har flytta inn i fuglekassene på garasjeveggen- så no håpar vi på fugleungar i hagen snart!

Dette vart eit langt innlegg til meg og vere...
Hadde mykje eg ville dele...

Ønsker alle ein flott maimånad- snart sommar!!!

Mvh

Monica







onsdag 15. mai 2013

Kjekt å pynte litt ved inngangen...


  

Koseleg å sitte på benken ved trappa og legge nye hageplanar.....
rusle rundt i hagen, luke litt, høyre på småfuglane, kanskje ta litt bilder...
deilig med jord under fingrane igjen!

 

Ønsker alle som er innom ein flott nasjonaldag!
Her melder dei sol- Herlig!

Mvh

Monica

tirsdag 14. mai 2013

Sommardraum

Eg drøymer om frukost på trappa ein varm sommardag...


 

 


Gjer du?

Mvh

Monica


fredag 10. mai 2013

Portrett

Portrett


  

Litt leik med fotoapperat inne på ein trist regnværsdag gav dette resultatet...

Ute spirar og gror det i rekordfart no når det endeleg har blitt litt mildare. 
Eg kosar meg med fleire hagerunder ute kvar dag
- gledar meg til alt vi har i vente!

Ønsker alle ei fin helg!

Mvh

Monica















tirsdag 7. mai 2013

Vår




Endeleg ein Vårdag!

 

Eg har kosa meg ute i sola
og etter meldingane skal det vere sol i morgon også- Lykke!

 

Granium som har overvintra og akeleie som er ny for året har også fått bli med ut på trappa for å lufte seg litt- deilig å sitte på ein benk i sola med ein kaffikopp og berre være....
Ønsker alle nokon fine Fridager!!!

Mvh

Monica






lørdag 4. mai 2013

Hamster




Nytt familiemedlem!


 

Eg må seie at eg var litt usikker når ungane ville kjøpe hamster- men no når den først er komen i hus- synest eg faktisk at den er litt søt....

God Helg!

Mvh

Monica

Lignende innlegg

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

Search