Sider

mandag 22. april 2013

Hagebenk

Ny benk i hagen

 

 

Langt imellom innlegga her for tida- men her kjem i alle fall litt bilder av vårt vesle prosjekt- ein ny benk i hagen. Benken skal stå ved trappa i inngangspartiet- og planen er å nyte ein kopp kaffi eller te og kansje blade litt i ei avis her ei tidleg morgonstund....

Ønsker alle ei flott ny veke!

Mvh

Monica



tirsdag 9. april 2013

Vårteikn

  Vårstemning i hagen



I dag fant eg årets første blå iris i hagen
det måtte dokumenterast!

 

Klosterklokkene har også begynt å kike fram.
Eg var bekymra for krokusen som hadde kome godt i gang med blomstringa før det siste snøfallet
-men det ser ut som det gjekk bra.

Eg og husbonden har forresten eit samarbeidsprosjekt på gang som eg har kosa meg veldig med
-det skal få nokon malingsstrøk til og så skal de få sjå...





tirsdag 2. april 2013

Krokus

Endeleg eit teikn på vår...


 

Når vi kom heim frå Påskeferie på hytta hadde endeleg dei første krokusane dukka opp i hagen- eg vart sååå Glad! 
(Om kvelden begynte det å snøve igjen- så lukka var heller kortvarig- men snart...?)

 

Lykka er stor når den første buketten med snøklokker kan plukkast inn frå hagen
(Denne buketten er rett nok frå mormor sin hage...)
Litt tid til handarbeid har det også blitt i Påska- 
Koseleg å oppbevare det i farmors gamle strikkekorg!

Håper alle har hatt ein kjempefin Påskeferie!



Lignende innlegg

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

Search