Sider

fredag 30. august 2013

Ved havet 2

Nesten som eit Eventyr...

          

Tenk at eit skjel kan gøyme ein slik skatt...

         
Tenk at det er muleg å høyre lyden av havet i ein konkylie...

          

Det er nesten som eit eventyr...

God Helg!

 Mvh
Monica


             
       






tirsdag 27. august 2013

Ved havet

Fotspor i sand...





 
Det er ikkje mykje som kan måle seg med
 lyden av bølgjer som slår mot stranda 
å leite etter skjel
 og sette fotspor i sand
 ein finevérs dag ved havet....






I alle fall ikkje slik eg ser det...



         









 Mvh

Monica




             
   


 


fredag 23. august 2013

Natur

Ut på tur...

  

Hausten er finaste tida for turgåing synest eg
det er så mange flotte fargar- så mykje fint å sjå...

  

I går hadde vi ein fin fjelltur opp til ein badekulp i elva
og medan ungane bada leita mora etter fotomotiv...

  

Når sant skal seiast så var dei ikkje vanskelege å finne
- problemet ligg vel heller i å velge ut kva som skal delast...

  

God helg!

Klem frå
Monica



 



torsdag 22. august 2013

Kjøkken

Talerkenhylla

  


For ei stund tilbake nevnte eg ein "skatt" eg drog med meg heim frå fjøra...
 No er talerkenhylla vaska, pussa, reparert og mala og har kome opp på kjøkkenveggen!
Eg er så fornøgd- og alt den kosta var litt såpe, maling og eigeninnsats!!!

(Men eg må innrømme at mannen i huset ikkje hadde heilt trua når han såg kva "rusk" eg kom dragande med - no har pipa fått ein annan lyd- dei treng av og til å bearbeidast litt dissa karane...)

Mvh
Monica


tirsdag 20. august 2013

Blåbær







             


På Blåbærtur

Hausten er her-
med regn og ruskevær,
fargesprakande og med modne bær...
 

 

Etter omlag ein time i Blåbærskogen ein gråværsdag var spanna full, 
men det var små bær i år.
- Korleis er det med blåbæra andre stadar?

Klem 
Monica





    




lørdag 17. august 2013

Sommar

Ååhh SOMMAR!!! 

     

                






       

For nokon dagar sidan tok eg haustbileter, 
men så kom sommaren tilbake-
og eg har ikkje noko imot å vente med å "publisere" hausten til ein annan dag...

Sommar for meg er båt, fiske, strandliv og grilling....
og minna frå desse dagane kan eg leve lenge på..

No skal eg på blåbærtur med ungane
og i kveld på besøk til ei God venninde..
Gledar meg til begge deler!

Håper alle der ute får ei God Helg!

Klem
Monica

         

mandag 12. august 2013

August

Tid for Sylting og safting

         

Berre ei lita oppdatering ein regnværsdag i august...
No er det tid for safting og sylting
Nam...

Ønsker alle ei fin veke- og satsar på at det ikkje vert alt for lenge til eg tek ein sving innom igjen.

Mvh
Monica


Lignende innlegg

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

Search