Sider

onsdag 22. april 2015

April 2015

No livnar det i lundar, no lauvast det i li....


Bjørka har begynt å få museøyrer og tida er inne til å beskjere rosene
- men i dag er det slikt ruskevær at eg vel å utsette det litt...


Eg fekk pakke i posten i dag med litt forskjellig til hagen
så eg har kosa meg med "hagearbeid" innandørs i staden:
- sådd frø
- planta georgine og gladiol løkar
- planta dei første erteblomstrane over i større potter
- lest hagebøker
- og drøymt meg litt vekk...


Mvh Monica

fredag 17. april 2015

April 2015

GOD HELG!


Endeleg skin sola og vi har kosa oss ute etter jobb.
Pusla litt i hagen, kosa oss med kaffi i solveggen
gått tur og helst på lamba til naboen.


Håpar det vert mange slike dagar!


God Helg!

Mvh Monica

torsdag 16. april 2015

April 2015

Vårblomstring i hagen
Del 2


Akkurat no er det både vått og kaldt ute, 
 men for nokon dagar sidan var det Vårkjensla som råda i hagen og eg naut det i fulle drag
  

Dei rosa perleblomstrane blomstrar for første gang i hagen her
eg satte løkane i haust og gleda var stor når dei endeleg begynte å blomstre.
  

Vårlyngen har vokse seg stor og kraftig og har mykje blomster i år
og endeleg har også primula begynt å blomstre
DET GLEDES!


Det er meldt fint vær i helga - og eg gledar meg til å bruke dagane ute i hagen.

Mvh Monica

onsdag 8. april 2015

April 2015

Endeleg - Vår i hagen!!! 

Del 1


Kontrastar fasinerar meg, 
som for eksempel når vi kjem tilbake frå skiferie på hytta til vårstemning i hagen!


I utgangspunktet er eg ikkje så glad i gule blomster, men no om våren er det heilt greit.
Vårløkar som påskeliljer, narcissar, krokus, snøklokker, klosterklokker og perleblomster har dessutan den eigenskapen at dei kjem igjen år etter år - det vert gjerne fleire av dei også - i motsetning av tulipanar og som gjerne blomstrar berre ein sesong.
Om nokon har tips til tulipanar som er "trofaste" så tek eg imot med glede!


Mvh Monica


søndag 5. april 2015

April 2015

Ein fin dag!


I går hadde eg ein FIN dag!
Eg var tidleg ferdig på jobb og møtte ein god ven til lunsj.
Så fekk eg melding frå ein hageven - eg måtte kome på besøk, ho hadde noko til meg.
Etter ein god prat over ein kopp te vart det omvisning på eit gamalt småbruk, både i hus og hage.
Eg fekk også helse på søte små lamb og på ein kjekk hanefar
og med meg heim fekk eg ein heil pose med ramsløk og nokon stokkroser.
Når eg hadde fått mine nye planter i jorda her heime, tok eg meg ei runde i hagen
og då fekk eg til mi store glede sjå at dei rosa perleblomstrane har begynt å blomstre!
Eg har ønska meg slike i fleire år og i fjor var dei endeleg å få kjøpt her i Norge!
Alt i alt ein god start på helga!

Her er det vårtemperaturar ute i dag, men litt vind
Eg skal ha meg ei runde ute i hagen, kanskje ta litt bileter av mine rosa perleblomster...


Håper alle får ei fin helg!

Mvh Monica



April 2015

Å ha det på badet...


På hytta vår er der ikkje bad og dusjmulegheiter
så når vi kjem tilbake etter nokon dagar på fjellet 
er det alltid like godt å kome seg på badet...


Med friske greiner frå plommetredet i hagen
og fyr i den gamle oljelampen vert det ekstra koseleg


Noko anna som er koseleg når eg kjem tilbake frå fjellheimen 
er å gå seg ei runde i hagen for å sjå på alt som spirar og gror.
Det er heilt utruleg å sjå kor mykje som har skjedd berre på nokon få vårdagar...
Eg tok litt bileter i hagen også, men dei kjem i neste innlegg...

Fortsatt God Påske!

Mvh Monica 

onsdag 1. april 2015

April 2015

Bake kake søte...


Fekk eit heilt brett med gardsegg frå ei venninde
og kakeoppskrift med ei anna
Då måtte det bli baking! 


No er vi omsider klare til å reise til fjells 
-for Påska skal tradisjons tro tilbringast på hytta


Mvh Monica

Lignende innlegg

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

Search