Sider

søndag 16. desember 2012

WINTER WONDERLAND





I dag har vi limt saman peparkakehus og tog- toget har fått berre ei vogn i år- kvar har dei andre delane blitt av? Har vi fått mus på spisskammerset? Slike tobeinte....?

Seinare i dag skal vi i Juleselskap- eller førjulsselskap?- Gledar oss!

Ønsker alle ein koseleg Søndag!

Mvh

Monica


onsdag 12. desember 2012

Gløggbrød

GLØGGBRØD

 Gløggbrød
7 dl gløgg og vann
2 ss olje
25 g gjær
2 dl solsikkekjerner
1 ts bakepulver
1 egg
600 g sammalt rug, fin
300 g hvetemel

200*C i 30-45 minutter, nederste rille


VELBEKOMME

Mvh
Monica

lørdag 8. desember 2012

Jul

GOD JUL I STOVA

ELLER RETTARE SAGT PÅ BAD OG SOVEROM...
På badet sørgar granbar og eucaluptus for God lukt
og på soveromet har både "Juleputene" og Pusen funne seg vel tilrette!

GOD HELG!

Mvh

Monica


onsdag 5. desember 2012

Advent

ADVENT

Her i huset har vi fleire ulike Adventsstakar - her er to av dei. Adventskransen har ein venn av meg laga på bestilling, på spisebordet står ein enklare variant laga av leirkrukker, kubbelys med tekst og litt mose...
Då bileta vart tekne var det barfrost ute- men i kveld dalar snøven ned
-den vert nok til stor glede for minstemann når han vaknar i morgon :-)

Mvh

Monica


mandag 3. desember 2012

Julekalender

Julekalender

Minstemanns Julekalender er laga i samarbeid mellom meg, mamma og bestefar- og den er like stor stas og hente fram kvart år! 
Eg står for idé og mal, bestefar for trearbeidet og mamma dekor!

Her i huset vurderer vi å legge åpning av kalender til ettermiddagstid- minstemann har nemleg begynt å få litt søvnproblem og står usedvanlig tidleg opp om morgonen...
Maaaange sommerfuglar i magen....

Ønsker alle ei fin veke!

Monica



Lignende innlegg

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

Search