Sider

søndag 16. mars 2014

mars

Glimt av liv på det nedlagde Småbruket


Ikkje så langt i frå her vi bur
ligg det eit nedlagt småbruk


Den vesle raude stova står for forfall
og planen er at det skal rivast


Dette er akkurat ein slik plass som eg går og drøymer om
Tomta ligg fint til ved sjøen og med eit koseleg tun


Her er det mykje Historie i veggane
Tenk om nokon kunne fortelje...


Her ein dag fekk eg lov å kome inn 
for å ta litt bileter, eg tok med meg tante 
- og saman laga vi denne biletserien...


Tenk om dette ein dag kunne bli mitt…
Ja, for det er vel lov å drøyme ;-)

Ønskar alle ei fin ny veke!

Mvh Monica!


torsdag 13. mars 2014

mars

Blomster-draum på ein regnværsdag…






Eg let blomar og bilete snakke for seg sjølv
og startar med dagens gjeremål…

Regnværsklem
Frå Monica









tirsdag 11. mars 2014

mars

 Vår i all slags vær...


Eg ser at mange skriv om ei helg med herlege Vårdagar ute
- slik har det ikkje vore her…


Vi har hatt ei helg med mykje vær: 
sludd, regn, hagl, vind, glimt av sol og blå himmel, lyn og torden…

Så her nyt eg våren innandørs med flott blomsterbukett frå mamma
og med å så frø som forhåpentlegvis skal verte til fine blomar etterkvart...


 Ønskar alle ei fin vårveke

ute eller inne…

Mvh Monica

mandag 3. mars 2014

Mars

Endeleg Vår!


Mars og endeleg er sola tilbake her i dalen også :-)
Her er sola skjult bak høge fjell frå november til  februar 
- når sola kjem tilbake JA då er det VÅR!
Endeleg er hagesesongen i gang
Endeleg kan eg så blomsterfrø og byrje å rydde litt i hagen
Eg gledar meg!!!


Litt lenger borte i lia
der sola kjem litt før enn det ho gjer her i vår hage
der blomstrar Plommetreda no…

ØNSKAR ALLE EI FLOTT NY VEKE!
FOLKENS DET ER VÅR!!!

Mvh Monica


Lignende innlegg

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

Search