Sider

mandag 1. desember 2014

Desember

1 Desember 


Eg er så heldig at eg har fått rydda ei gamal stove som skal rivast
og plukke med meg alt av interesse...

No ser garasja vår meir ut som ein bruktbutikk og bilen må nok belage seg 
på å stå ute ei stund framover....
Men vi er i gang med oppussing og restaurering av fleire ulike møblar og gjenstandar.

Kjøkenbordet er vaska, rensa, pussa og behandla etter alle kunstens reglar 
og no luktar det godt av voks i heile huset!
Når Adventsstaken kom på plass
-ja då kjende eg at Julestemninga kom sigande også!


Innimellom ulike prosjekt har eg også fått tid til å pakke inn kalendergåver 
til forventningsfulle born 
Koseleg det også!


Det er nok muleg at det kjem fleire innlegg med ulike skattar som eg har funne i tida framover...

Ønsker alle ei fin Adventstid!

Mvh Monica!


torsdag 27. november 2014

mandag 10. november 2014

november 2014

Red with white spots...


Eg har begynt å lage kransar til jul.
Eg brukar mose og eine som eg hentar i skogen. 
Nokon er enkle berre med eit enkelt band, 
andre skal pyntast med blomster, konglar og diverse bladgrønt.
Eg likar egentleg best det enkle og brukar helst ting som eg sjølv finn ute i naturen.

Om nokon har tips til blomster som kan vere gode å dekorere kransar som skal på gravplassen med
 vert tips tatt imot med takk :-)

Ønsker alle ei fin novemberveke!

Mvh Monica


torsdag 6. november 2014

November 2014

Berre ein Kongle....


Ein kan finne inspirasjon i så mangt
for eksempel ein furukongle...

Eldste jenta kom heim med flott haustbukett som ho har laga sjølv i dag. No sitt eg her berre å kosar meg og tenker på alle dei fine bukettane som det kan bli i framtida...- gledar meg til ho kan lære meg litt om blomsterbinding ;-)- skal tru om dette vert vegen ho vel å gå vidare?


Spennande...

Mvh Monica

mandag 3. november 2014

November

Allhelgensdag

-Ikkje til å spøke med.......?


Den kristne høgtida Allehelgensdag markerast ofte med levande lys på 
gravene til avdøde slektningar. 



Eg tok eldste jenta (som kan like ein god grøssar) med på Kyrkjegarden for å fotografere...
Håpar ikkje nokon finn bileta støtande - i tilfelle må eg berre beklage....


Hensikta var å få litt trening i fotoredigering og med Halloween og Allhelgensdag som inspirasjonskilde- ja så måtte det bli noko med litt Grøss...


Bilete over her var det eg likte best sjølv....

Eg synest dei gamle Krossa er så fine.


Ønsker alle ei fin Novemberveke!

Mvh Monica!






fredag 31. oktober 2014

Oktober

Rosa haust...

Innimellom alle regnbygene som vi har hatt på Vestlandet i det siste 
har eg hatt nokon turar ut for å fotografere.
Fortsatt nydelege fargar- innimellom alt det brune...


Ei fin familie har eg også fått fotografere 
- kosa meg!


Tuva og Julie




Ein fin gjeng 
omgitt av finaste fjella...


Fortsatt litt som blomstrar både i hagen og i vegkanten...
God helg!



Mvh Monica

tirsdag 28. oktober 2014

Oktober

Oktober


Om sommaren likar eg å ta med meg det inne ut; møblar, planter, dill og dall...
-men når hausten kjem er det motsatt
då hentar eg naturmateriale og tek det med inn...


Vi har hatt mange fine turar ute 
for å hente naturmateriale inn...


Slike turar vert det gode minner av
Så har vi noko å varme oss på - i haustmørket.


Mvh Monica

mandag 8. september 2014

september

Berre Bileter...

Lite kommentarar på bloggen -betyr lite besøk tenkte eg.
Så sjekka eg statistikken - og fant ut at der tok eg grueleg feil.
Og det kan eg no like!

Så då vart eg inspirert til å lage eit nytt innlegg.
Bileta er tatt i Mulevika- ein av favorittplassane mine
- den siste Sommardagen.



Då ønsker eg alle ei fin septemberveke!

Mvh Monica



lørdag 30. august 2014

august

Meir Portrett…


Far til guten trur eg kjem til å angre på at vi laga den spretterten
og det har han kanskje rett i….

Time will show ;-)

God Helg!

Mvh Monica!






mandag 25. august 2014

august

Foto


Ikkje hus og ikkje hage
- men Portrett
- berre fordi det er så kjekt å ta bileter
og fordi Gutefanten endeleg ville bli med mora på Fototur :-)


Ønskar alle ei flott ny veke!


Mvh Monica


torsdag 7. august 2014

August

Nyrørt bringebærsylte 

og ordkode...



 Eg har sett inn ordkode 
for dei som vil legge igjen ein kommentar…
Har fått så mykje søppelpost at eg gjekk lei…
Andre som er plaga med mykje søppelpost?

Elles held eg meg til husmorsysler om dagane
kosar meg meg sylting og baking,
litt mindre koseleg med vasking og rydding
- men det vert no rett så koseleg det også- etterpå!



Snart helg - God helg!

Mvh Monica


tirsdag 5. august 2014

August

EPLER


Endeleg begynner epla å modnast
Ny oppskrift på eplemuffins med strøssel måtte utprøvast - Nydeleg!
Oppskrifta fann eg i ei bok: 
"Så lenge det er stjerner på himmelen" 
av Kristin Harmel


MUFFINS
2 ts bakepulver
1/2 ts salt
ca. 1,2 dl smør
ca. 0,6 dl melk
ca 2,5 dl sukker
ca. 0,6 dl creme fraiche
2 store egg
1 ts vaniljeekstrakt
ca. 5 dl blåbær (eg brukte epler)
Strøsseltopping (sjå oppskrift nedanfor)

Rør saman smør og sukker. Tilsett egg, rør godt. 
Bland mjøl, bakepulver og salt i ein annan bolle.
Tilsett dei tørre ingrediensane til smørblandinga litt etter litt,
 og tilset vekselvis melk, creme fraiche og vanilje.
Bland forsiktig inn blåbæra.
Fyll kvar muffinsform nesten opp til kanten. Dryss godt med strøssel over.
190 grader i 25-30 min. 


Strøsseltopping

ca 1,2 dl sukker
2 ts kanel
ca 0,6 dl mel
ca 0,6 dl svært kaldt smør, hakka i små terningar

Bland alt i ei kjøkkenmaskin, til blandinga har konsistens som tjukke smular.
Dryss over usteikte muffins.

Vel bekomme! 

Mvh Monica

søndag 3. august 2014

August

Helg!


Endeleg helg og tid til felles frukost


avslapping og KOS


God helg!

Mvh Monica



Lignende innlegg

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

Search