Sider

onsdag 27. februar 2013

Ved havet Del2

Ut mot havet 

2




Mors vesle jente

Eg held i mine armar
det beste eg veit på jord.
Ei lita pludrande jente
som smiler opp mot sin mor.



Eg kysser den klare panne
som aldri har romma svik.
Ho rekker meg begge hender
og gjer meg uendelig rik.



Du er som ei doggfrisk rose
- den vakraste Gud har skapt.
Må herren bevare deg alltid
så ikkje doggen går tapt.



Dette diktet fekk eg innerama av mamma
då eg vart mor for første gang. 
Eg veit desverre ikkje kven forfattaren er...?
Vakkert!


Mvh
Monica

mandag 25. februar 2013

Ved havet Del1

 Ut mot havet...


 I går var vi på søndagstur. 
Vi hadde med piknikkorga og kosa oss ute heile dagen i strålande solskin og fint vårvær! 


Vi bor slik til at om vi kjører ein liten time innover i landet er det vinterstemning og akeføre, kjører vi ein liten time utover mot havet derimot- då er det slik som på bileta her!


går gjorde vi begge deler: Først aking, deretter leik i fjøra- heilt til sola gjekk ned.
Landet vårt er fantastisk!


Det er vel kansje agn i denne boksa her?


 Fiskelukka måtte også prøvast, sjølvlaga fiskestong med ein gamal spikar til krok- det vart heller dårleg fangst- men innsatsvilja var det ingenting å seie på...


 Petter fant seg ein dam som var fin å prøve båten i, 
båten har han laga sjølv og Norsk flagg måtte den sjølvsagt få!
Ein stolt og fornøgd liten kar. 


Håper alle har hatt ei fin helg- og vil 
ønske alle ei fin ny veke!

Mvh

Monica

onsdag 6. februar 2013

Vinter

Endeleg Vinter

- og kjelkeføre...






- Og med det kom inspirasjonen....


Mvh
Monica

mandag 4. februar 2013

På kjøkkenet...

Vinter - mot Vår?!




Berre innom ein snartur for å seie Hei!
Ønsker alle ei fin ny veke!

Mvh

Monica!

Lignende innlegg

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

Search