Sider

mandag 13. februar 2017

Ein Vinterdag

Ein Vinterdag

Kvit vinter må vere noko av det vakraste som finst?!
Det har ikkje vore så mange slike dagar denne vinteren, så det måtte dokumenterast.
Fram med spark og kjelke, akebrett og ski - helst alt på ein gang!


Eg og maria tok oss ein sparktur.
Den gamle sparken har god gli, men dreg litt til venstre...
Sparkturen holdt på å ende i grøfta - det var to anpustne og lattermilde "jenter" med raude kinn som kom heim i kveldinga. 


Dyra måtte også ut å lufte seg, dei såg ut til å kose seg, men etter ei stund synest dei nok det var litt kaldt på labbane. 
Hønene vagla seg og Nusse fekk kome opp i Maria sitt fang for litt kos og varme. 


Favoritthøna


Høner på vagl 
og hanen
Jens von Bustenskjold



 Mvh Monica


fredag 10. februar 2017

Finaste Blomen

Den vakraste blomen

Eg er så heldig at eldste jenta har valgt å utdanne seg innan blomster og gartnerfaget.
Ofte kjem ho heim med flotte bukettar og blomsterdekorasjonar, til stor glede for meg, 
men den finaste blomen av alle er nok jenta sjølv!



Mvh Monica

Avsluttar med eit lite stemningsbilete frå Jensgarden ein Sommarkveld
gledar meg til fleire slike kveldar!


torsdag 9. februar 2017

Vårlengt

Vårlengt


Små gleder frå Jensgarden: ferske egg frå egne høner og kirsebærkvist i blomst.
Kirsebærblomst luktar nydeleg!


Kalenderen fortel meg at det er februar, enda har vi ein vintermånad igjen før vi kan seie det er vår, men eg lengtar...
Vi har hatt ein mild vinter og vårteikna har byrja å vise seg ute, men så kom barfrosten...


Medan eg ventar, og lengtar, har eg tatt kvistar av kirsebær og Forsythia inn til driving.
Ein liten bukett med årets første Snøklokker står på kjøkkenbordet
- No er det i alle fall Litt vår inne!



Med ynskje om ein god dag til deg der du er! 

Korleis er det med Vårteikn der ute? 

Mvh Monica



tirsdag 31. mai 2016

Høner

Hønseliv på Jensgarden

I vår har vi lånt oss rugemaskin, kjøpt ruge-egg og klekt ut kyllingar. 
Vi venta i spenning både store og små på at dei små nøsta skulle kome ut av egga. 


Vi har kjøpt ruge-egg av rasen Mille Fleur og Dverg kochin. 
Begge er dvergrasar som skal vere rolege dyr som lett vert tame.


Bileta er tatt ein av dei første dagane kyllingane fekk vere ute i hønsehuset. 
Foreløbig bur dei små på badet heime, men når dei vert større og det vert varmare i veret skal dei flytte bort i hønsehuset.


Vi har planta ei ripsbærbusk inne i hønseburet for å gjere det litt triveligare. 
Her kan dei også finne skygge om det trengs. 


Dei to største benytta seg av mulegheita til å ta seg eit sandbad i ei gammal zinkspann...


Dei minste vart slitne og tok seg ein liten blund...


Gledar meg til å sitte her ved hønsehuset, ei tidleg morgonstund, med ein kopp kaffi og høre på klukkinga til hønene

Tenk i morgon er det juni, no er Sommaren her!

Mvh Monica

søndag 24. januar 2016

Kaninkos i Januar 2016

Fotoleik Kaninkos


Sjeldan kost at eldste jenta er heime og ber om at eg skal ta bilete
- kunne sjølvsagt ikkje la anledninga gå frå meg...


Det vart ei koseleg stund ute i fint vinterlys og med kaninkos
- etterpå var det heim for å lage lasagne til kveldskosen.


Mvh Monica

tirsdag 19. januar 2016

Januar 2016

Vinterstemning på Jensgarden


Velkomen til gards!


Juletreet har fått kome ut på tunet, foreløbig på fot- slik at eg kan flytte det litt rundt omkring, 
men etterkvart må det plantast ei Julegran her.


I sauefjøsen fant eg eit par gamle treski,
fine å sjå på, men eg er glad for at eg har ein litt nyare modell til skiturane...


Legg merke til den fine kroken over kjellardøra, passar utmerket til å henge fjøslykta på.
Kransen som eg laga til Jul får henge her ei stund til.


Mvh Monica


onsdag 13. januar 2016

Januar 2016

 Julestemning - Vinterstemning


Dombjeller vert pakka ned, medan konglar, grangreiner og levande lys får stå...
Eg vert fort lei av det raude, så eg synest nesten det er godt å plukke det vekk etter jul.


Sjølv om dombjellene vert pakka vekk, 
drøymer eg fortsatt om sledetur og den fine klangen frå dombjeller.
Det er fortsatt vinter, så får eg berre håpe det vert sledeføre også snart...


Svibel og eine pyntar kjøkkenvinduet i Jensstova. 
Ute på tunet kosar Anna med kaninene.


Godt Nytt År!

Mvh Monica!







Lignende innlegg

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

Search