Sider

lørdag 30. august 2014

august

Meir Portrett…


Far til guten trur eg kjem til å angre på at vi laga den spretterten
og det har han kanskje rett i….

Time will show ;-)

God Helg!

Mvh Monica!






mandag 25. august 2014

august

Foto


Ikkje hus og ikkje hage
- men Portrett
- berre fordi det er så kjekt å ta bileter
og fordi Gutefanten endeleg ville bli med mora på Fototur :-)


Ønskar alle ei flott ny veke!


Mvh Monica


torsdag 7. august 2014

August

Nyrørt bringebærsylte 

og ordkode...



 Eg har sett inn ordkode 
for dei som vil legge igjen ein kommentar…
Har fått så mykje søppelpost at eg gjekk lei…
Andre som er plaga med mykje søppelpost?

Elles held eg meg til husmorsysler om dagane
kosar meg meg sylting og baking,
litt mindre koseleg med vasking og rydding
- men det vert no rett så koseleg det også- etterpå!



Snart helg - God helg!

Mvh Monica


tirsdag 5. august 2014

August

EPLER


Endeleg begynner epla å modnast
Ny oppskrift på eplemuffins med strøssel måtte utprøvast - Nydeleg!
Oppskrifta fann eg i ei bok: 
"Så lenge det er stjerner på himmelen" 
av Kristin Harmel


MUFFINS
2 ts bakepulver
1/2 ts salt
ca. 1,2 dl smør
ca. 0,6 dl melk
ca 2,5 dl sukker
ca. 0,6 dl creme fraiche
2 store egg
1 ts vaniljeekstrakt
ca. 5 dl blåbær (eg brukte epler)
Strøsseltopping (sjå oppskrift nedanfor)

Rør saman smør og sukker. Tilsett egg, rør godt. 
Bland mjøl, bakepulver og salt i ein annan bolle.
Tilsett dei tørre ingrediensane til smørblandinga litt etter litt,
 og tilset vekselvis melk, creme fraiche og vanilje.
Bland forsiktig inn blåbæra.
Fyll kvar muffinsform nesten opp til kanten. Dryss godt med strøssel over.
190 grader i 25-30 min. 


Strøsseltopping

ca 1,2 dl sukker
2 ts kanel
ca 0,6 dl mel
ca 0,6 dl svært kaldt smør, hakka i små terningar

Bland alt i ei kjøkkenmaskin, til blandinga har konsistens som tjukke smular.
Dryss over usteikte muffins.

Vel bekomme! 

Mvh Monica

søndag 3. august 2014

August

Helg!


Endeleg helg og tid til felles frukost


avslapping og KOS


God helg!

Mvh Monica



Lignende innlegg

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

Search