Sider

mandag 23. desember 2013

Desember

GOD JUL


Vil ønske alle ei God Jul!
Her i huset  er vi nokolunde i rute og har nytta dagen til 
Juleverkstad og legobygging saman med borna, 
samt koseleg Julebesøk.

Resten av kvelden skal vi slappe av og kose oss
med "Kvelden før kvelden"

Juleklem 

frå Monica








fredag 13. desember 2013

Desember

Fuglemat





Farmor si gamle kakeboks passar kjempefint til å oppbevare fuglematen i.

God Helg! 

Mvh Monica

torsdag 5. desember 2013

Desember

Prinsesse for ein dag...



Vinterlandskapet inviterar til litt magi... 


Eg og eldstejenta kosa oss på skogstur med oldemor sin Brudekjole 
og Brudekrone i "sekken" 
- Eit Vintereventyr!


Ønsker alle ein fortsatt fin desemberdag!
Skal prøve å få tatt litt interiørbileter ein dag
- det er berre det at eg kosar meg så innmari med å ta bileter ute…

Mvh 

Monica


tirsdag 3. desember 2013

Vinter

 Eit lite Livsteikn...


Eg kosar meg med fotografering ute når været tillet det
og har som dei fleste andre ulike prosjekt inne...

 

Tenkte eg ville vise fram bursdagsgåva frå min mann
før/ etter.
Denne har eg ønska meg leeeenge!!!

Har vore på jakt etter ei kvit eller lys blågrå- men det var vanskeleg- til slutt endte eg på denne som hadde rette forma, men ikkje heilt den fargen eg såg for meg…
Bestefarklokka er no pussa, vaska med rødsprit, mala antikkhvit og til slutt brukte eg litt Lasurolje.
 No går eg rundt og smiler kvar gang ho slår, teller timeslaga- Kosar meg!


Ønsker alle ei Fin Adventstid!
No har eg sett på Julemusikken og tenkte å kose meg med litt Julebakst…

Mvh 

Monica



mandag 18. november 2013

vinter


Medan eg ventar...


På snøven
- vatn i brønnen
- ei forsenka bursdagsgåve 
- inspirasjonen 
og Adventstida....

-delar eg enda eit bilete frå arkivet-

Anbefaler alle å gå inn på bloggen til Anne: Garden and Angels
ho har Give Away med kjempefin heimelaga premie!
På bloggen kan du også hente inspirasjon i massevis!!!

Mvh 

Monica

torsdag 14. november 2013

Frå bildearkivet

Frå bildearkivet

Frå bildearkivet.
Biletet er tatt ein tidleg morgon i mars ein gang 
og med tydeleg lengt etter sommar og ein tur ut mot havet...

Ønsker alle ei fortsatt fin veke
-snart helg igjen ;-)

Mvh 

Monica



søndag 27. oktober 2013

Oktober

Hauststemning i hagen


No er det tid for å sette løkar, rydde og kanskje ta opp dei siste gulrøtene...
Vi fyrer opp i bålpanna- kokar kaffi på gamlemåten og kosar oss ute!



Deilig med opplett og mildvær...
Ønsker alle ein finfin Søndag!


GOD HELG

Mvh Monica



søndag 20. oktober 2013

Oktober

Haust

 
Har kosa meg ute denne fine haustdagen saman med Godgutane mine (Far og sønn). 
Vi har plukka konglar og kastanjer til vinterdekorasjonane 
og kosa oss med varm kakao!


Håper alle der ute har hatt ein fin søndag!


Og ynskjer dykk ei fin ny veke!

Mvh 

Monica





fredag 18. oktober 2013

LONDON

 In a foggy London Town...





Var så heldig å få tilbringe nokon dagar i London saman med ein triveleg gjeng. 
Det vart dagar fulle av opplevingar og inntrykk:

Shopping, Naturhistorisk Museum, London Eye, Queen Musical, 
Båttur på Themsen, Madame Tussaud, Guida busstur, London Tower, Koselege måltid ute osv. osv.

Reiser gjerne dit igjen...

Fin Fredag!

Mvh
Monica

søndag 29. september 2013

Haust

Haust og slutt på hagesesongen for i år...

Tid for innekos og ei god bok!



         

Eit lite knippe av sesongens siste roser - Austinroser og historiske er nok favoritten her.


         


         


          

Fin søndag til alle!

Mvh 

Monica


tirsdag 24. september 2013

Tyrkia

 The Antic Harbor 

Side Tyrkia



       




































Kveldsstemning......

Ønsker alle ei fin veke

Mvh 

Monica

lørdag 14. september 2013

September

Hauststemning

 I Hagen...


     


 










Jenta og Plommetredet er like gamle
- Ho fekk tredet i dåpsgåve
No er dei 15 år begge to
Og på same måte som jenta sjølv gir tredet oss stor Glede
år etter år....

God Helg!

Mvh Monica!


søndag 8. september 2013

Ved havet 3

Skattejakt...


         

Tenk å vere ein liten kar på Skattejakt...
Neste prosjekt er ei skikkeleg Skattekiste- den skal pappa hjelpe å lage...

          

God Helg folkens- no skal eg ut å nyte Finevéret!

Mvh

Monica


       

         

Lignende innlegg

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

Search