Sider

fredag 21. juni 2013

Juni i hagen

Glimt frå Junihagen 

Del 1


 

Syrin og akeleie
Det begynner å verte mange akeleier i hagen her no 
- og i mange forskjellige fargar...

 

Den rosa under her har eg ønska meg lenge
- og tenk no har det dukka opp ein burgunder også- Nydeleg!

 

Hagen begynner endeleg å ta form
men er stadig under utvikling
her jobbar vi etter
 "Vegen-vert-til-mens-du-går-prinsippet"

 

Fortsettelse følger!

Mvh

Monica

fredag 14. juni 2013

Interiør


På kjøkkenet


 

 

Berre innom for å ønske alle ei God Helg!

Mvh
Monica

onsdag 12. juni 2013

Hagelivet

I hagen...


 

Endeleg kan vi plukke inn duftande syrenbukettar frå hagen...
Når sola skin då er vi i hagen- 
opptatt med små og store prosjekt-
 akkurat no held vi på å legge kantstein langs grusgangane- 
synest det vart ryddig og fint. 

    


Vi har også laga nytt tørkestativ- veldig fornøgd- dette har eg ønska meg lenge!
(Bilete av det kjem seinare når det har fått seg nokre strøk med maling...)
Nokon av tulipanane blomstrar enda- men dei fleste er på hell- 
Litt lite fargar i hagen etter at tulipanane er ferdige og før dei ulike staudene tek til for fullt- men tulipanen Spring Green, Ballblom (Trollius Alabaster) og Marikåpe synest eg er ein kombinasjon som kler kvarandre godt!



Mvh
Monica 




fredag 7. juni 2013

Bestefarklokka...


Watching the time goes by....


Bilete frå ein koseleg tur med besten og piknik i fjæra... 
Slike stunder gir gode minner å ha med seg!


Og bestefarklokka - ja den ligg på ei hylle i stova....

                      























Eit litt artig fenomen i hagen- 
Akeleia under blomstrar no for andre gang- men den har fått ein heilt anna farge?!
Første blomstring var tidleg vår etter driving inne- 
no blomstrar den for andre gang ute- sjekk den forskjellen! 

Kjekt med hage- alltid i endring og alltid noko å glede seg til! 

              

Då gjenstår det berre å ønske alle ein fin fredag
- og så får eg ta fatt på husvasken...

Fekk besøk av Postbudet som  kom med bokpakke til minstemann og som hadde tid til ein liten hageprat -han likte så godt fontena i hagen vår :-) 
Så no vart både eg og minstemann glad- 
Det er ikkje alltid det skal så mykje til- eit smil eller nokon gode ord...

God Helg!

Mvh 

Monica  




onsdag 5. juni 2013

Hagemøblane

Vår plass i sola...


Hagemøblane som vanlegvis står på verandaen fekk flytte ned i hagen for ei stund- for å verkeleg kunne nyte lukta av heggen i full blomst.
Det vart litt stusseleg oppe på verandaen- men å kor deilig å sitte nede i hagen....så no står eit sett til med hagemøblar høgt på ønskelista............snekre nokon kanskje? Eg trur at kvitmala litt nostalgiske tremøblar kunne blitt bra.....



 
På slike varme sommardagar likar eg å kose meg med iste
- ungane foretrekk saft....
Minstemann vil gjerne lage rabarbrasaft- nokon som har ei god oppskrift å dele?

Mvh

Monica

søndag 2. juni 2013

Juni

Juni - Sommar - sol....

      

Epleblomst i knupp og i full blomst


Sommar, sol og lukta av nyslått plen, frukttre i blomst og frisk rabarbra



Og snart blomstrar syren, akeleier, løytnanshjerter, rhododendron og liljekonval...
- alltid noko og glede seg til!

ME LIKE!

God Helg

Mvh
Monica




Lignende innlegg

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

Search