Sider

onsdag 20. mai 2015

Mai 2015

Endeleg blomstrar epletrea!

 

Ein rask tur ut i hagen mellom regnbyene og eg kunne konstantere:
- Endeleg blomstrar epletrea!!!
Det er noko av det finaste eg veit.


Fjellflokk og Forglemmegei har begge ein nydeleg blåfarge.


Kvite Løytnantshjerte er ein av mine store favorittar når det gjeld stauder.
Yndige!


Hagesildre blomstrar for fullt
- og tenk: "Alt dette er berre begynnelsen"... 

Mvh Monica!

torsdag 14. mai 2015

Mai 2015

Vår i hagen...


Denne delen av hagen er anlagt med tanke på småfuglar og insekt
- men eg likar meg godt her eg også... 


Dagen starta med gråvær og regn, men no skin sola gjennom skyene
og sjølv om det er kjølig er det godt å rusle litt rundt i hagen


Mykje vårløkar, men ein del stauder har også begynt å blomstre


Lufta er fylt av summande insekt og fuglekvitter
- det er godt å være til...


Mvh Monica


onsdag 13. mai 2015

Mai 2015

Ut på tur 

-ein regnværsdag


er inga hindring når ein er kledd for vestlandsvær og naturen har så mykje vakkert å by på.


 Skogbotnen og vegkanten var full av Kusymre og Skogfiol


Rett vakkert!


Godt turlag hadde eg også!


Ynskjer alle glade Mai - dagar!

Mvh Monica

onsdag 6. mai 2015

Mai 2015

MAI

 

Endelg kom mai med litt mildvær
Vi har byrja å få utemøblane på plass
og vi har starta grillsesongen


Den gamle senga skal egentleg stå i drivhuset,
men sidan drivhuset fortsatt berre er ein draum
så får den stå her på verandaen så lenge...
- gjer no nytta si her også.
Det fine sengteppet har mormor laga.


Eg er så glad i Pinseliljer
- dei kjem igjen år etter år, 
luktar godt 
og det finnest mange forskjellige variantar...


Ynskjer alle fine Mai-dagar!

Mvh Monica!

Lignende innlegg

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

Search