Sider

onsdag 30. desember 2015

Romjul

Romjul



Vi har satt opp fuglebrett og Fugle-nek på tunet, no får små-fuglane mat når vi forer kaninene. 
Det er så koseleg å sitte inne i kjøkkenet på Jensstova og sjå på småfuglane utanfor.


Eg har kosa meg med kransbinderi, 
termos med varm te høyrer med når ein held på med slikt i ei gamal trekkfull stove.


Fekk meg radio i julegåve med husbonden, så no har eg kosa meg med julemusikk til arbeidet.


Eg kosar meg slik her på tunet at eg får "heimlengsel" når eg må gå herifrå...
Rett før jul fekk vi overlevert hus-teikningar. Vi går eit spennande år i møte...


God Jul og Godt Nytt År!

Mvh Monica!



tirsdag 29. september 2015

Foto, september 2015

Endeleg på Fototur igjen!


Vi tok oss ein søndagstur fram på sætra
og eg tok kamera med.


Eg likar best å ta bileter ute
Flott natur og fint med naturleg lys


Lenge sidan sist no
- så eg storkosa meg!
Skulle berre ønske at tida og energien strakk til slik at det kunne bli fleire slike turar...


Mvh Monica





søndag 13. september 2015

Kake og kaffi i hagen

Kos under epletreet...


I går baka eg eplekake og dekka bordet under det gamle epletreet på Jensmarka. 
Her kosa eg og mannen oss med ettermiddagskaffen!


Kjekt å ta i bruk det gamle lintøyet som eg fant når vi rydda i huset
Noko av det hadde monogram, det synest eg var ekstra stas.
Imponert over at det var i så bra stand etter at huset har stått tomt i over 60 år...


Kjekt med epler frå eige tre!
Det er mykje frukt i år,
men eg er spent på om det vil overleve for sauene som har gått her har skada barken.


Mvh Monica


fredag 11. september 2015

September 2015

Haust i hagen



Vi har venta og venta, men no er endeleg plommene modne.


Gresskara er fortsatt små, men eg håpar på ein varm og fin haust...


Langt imellom innlegga på bloggen, 
men ved sidan av jobb brukar vi all vår tid på Småbruket.
Vi kosar oss der, men det vert lite tid til fotoleik og kreative sysler
- det får eg heller ta igjen ein annan gang...

God helg! 

Mvh Monica



torsdag 6. august 2015

August 2015

Josefine og Luna



Eit småbruk må ha dyr. Vi startar forsiktig, med kanin, 
men håpar det skal verte fleire etterkvart...
Luna passar på.


Mvh Monica


onsdag 8. juli 2015

Juli 2015

Sommar



Eit lite livsteikn:
Vi har ferie og kosar oss på småbruket
Mykje arbeid og mykje kos
Mykje besøk har vi også hatt 
Bål-panna har vore flittig brukt både til grilling, steiking av sveler og kaffikoking,
men blogging derimot vert det lite av - det får eg ta igjen til vinteren...


God Sommar! 

Mvh Monica





onsdag 24. juni 2015

Jensgarden

Draumen om eit Småbruk...


Endeleg har dette Småbruket blitt vårt!
I dag har eg hatt fri og eg har kosa meg her heile dagen.
Eg har for det meste saga og rydda greiner
- Det er så godt å endeleg være i gang!

Piknik-korga tok eg også med.
Det vart tid til små pauser med heimelaga rabarbrasaft, kjeks, frukt og kaffe
- både godt og leskende. Så herlig å sitte her og vite at no er alt dette vårt!

Lupinene har minstemann plukka til meg.
Eg satte dei i ei melkespann eg fant i fjøset og plasserte dei ved slipesteinen
- for den synest eg er så fin. 

Favoritt-plassen trur eg må være under det store gamle epletreet eller på tunet mellom huset og løa, eller på trappa kanskje...? Hmm vanskeleg å velge, men det er kanskje ikkje nødvendig heller :-)

Som de sikkert forstår kjem det til å bli ein del innlegg herifra framover.
Vurderer om eg skal lage ein ny blogg, eller opprette ei side eller gruppe på Facebook, men klarer ikkje heilt å bestemme meg...    

Ynskjer alle ei fortsatt fin Juni-veke! 

Mvh Monica!



lørdag 13. juni 2015

Juni 2015

God Helg!



Pizza bakt på stein med heimelaga saus tilsatt friske urter og eit glas vin
- smakte nydeleg godt

...men det hadde sjølvsagt vore kjekt med litt sol og varme slik at ein kunne nyte maten ute...

Mvh Monica!

onsdag 20. mai 2015

Mai 2015

Endeleg blomstrar epletrea!

 

Ein rask tur ut i hagen mellom regnbyene og eg kunne konstantere:
- Endeleg blomstrar epletrea!!!
Det er noko av det finaste eg veit.


Fjellflokk og Forglemmegei har begge ein nydeleg blåfarge.


Kvite Løytnantshjerte er ein av mine store favorittar når det gjeld stauder.
Yndige!


Hagesildre blomstrar for fullt
- og tenk: "Alt dette er berre begynnelsen"... 

Mvh Monica!

torsdag 14. mai 2015

Mai 2015

Vår i hagen...


Denne delen av hagen er anlagt med tanke på småfuglar og insekt
- men eg likar meg godt her eg også... 


Dagen starta med gråvær og regn, men no skin sola gjennom skyene
og sjølv om det er kjølig er det godt å rusle litt rundt i hagen


Mykje vårløkar, men ein del stauder har også begynt å blomstre


Lufta er fylt av summande insekt og fuglekvitter
- det er godt å være til...


Mvh Monica


Lignende innlegg

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

Search