Sider

søndag 16. desember 2012

WINTER WONDERLAND





I dag har vi limt saman peparkakehus og tog- toget har fått berre ei vogn i år- kvar har dei andre delane blitt av? Har vi fått mus på spisskammerset? Slike tobeinte....?

Seinare i dag skal vi i Juleselskap- eller førjulsselskap?- Gledar oss!

Ønsker alle ein koseleg Søndag!

Mvh

Monica


onsdag 12. desember 2012

Gløggbrød

GLØGGBRØD

 Gløggbrød
7 dl gløgg og vann
2 ss olje
25 g gjær
2 dl solsikkekjerner
1 ts bakepulver
1 egg
600 g sammalt rug, fin
300 g hvetemel

200*C i 30-45 minutter, nederste rille


VELBEKOMME

Mvh
Monica

lørdag 8. desember 2012

Jul

GOD JUL I STOVA

ELLER RETTARE SAGT PÅ BAD OG SOVEROM...
På badet sørgar granbar og eucaluptus for God lukt
og på soveromet har både "Juleputene" og Pusen funne seg vel tilrette!

GOD HELG!

Mvh

Monica


onsdag 5. desember 2012

Advent

ADVENT

Her i huset har vi fleire ulike Adventsstakar - her er to av dei. Adventskransen har ein venn av meg laga på bestilling, på spisebordet står ein enklare variant laga av leirkrukker, kubbelys med tekst og litt mose...
Då bileta vart tekne var det barfrost ute- men i kveld dalar snøven ned
-den vert nok til stor glede for minstemann når han vaknar i morgon :-)

Mvh

Monica


mandag 3. desember 2012

Julekalender

Julekalender

Minstemanns Julekalender er laga i samarbeid mellom meg, mamma og bestefar- og den er like stor stas og hente fram kvart år! 
Eg står for idé og mal, bestefar for trearbeidet og mamma dekor!

Her i huset vurderer vi å legge åpning av kalender til ettermiddagstid- minstemann har nemleg begynt å få litt søvnproblem og står usedvanlig tidleg opp om morgonen...
Maaaange sommerfuglar i magen....

Ønsker alle ei fin veke!

Monica



mandag 26. november 2012

Meir Julekort motiv


JULEKORT




Kansje skal dyra også få sin plass på årets Julekort?

Ønsker alle ei fin veke!

Mvh

Monica

tirsdag 20. november 2012

Nytt skap

Meir interiør...


Viser Bilder av det nymalte skapet på stova. Dette er underdelen på det omtalte vitrineskapet som eg fekk. Eg har valgt å ikkje male topp-plata for at den skal passe saman med spisestovebordet. Vi har bestemt oss for ikkje å bruke overdelen no. Kansje skal vi seinare bruke den som overskap på kjøkkenet?! Over skapet her vil vi heller sette opp ei hylle som svigerfar har laga.

Når eg ser desse bida står det veldig klart for meg at no er tida koma for å gjere noko med fargen på stoveveggen... Kvit panel evt høg brystning og så male ein lys grålig farge på tapeten over?
Mannen vert vel galen om det må gjerast før jul?! 
Kansje best å vente til nyåret?!

Som de ser på spisestovebordet så er det her eg sitt med diverse hobbyaktivitetar- akkurat no er det kransar og kremmerhus. 

Oppe på kontoret er det malarverksted- akkurat no er det ei kiste som står for tur..


Ønsker alle ei fin veke!

Mvh

Monica

fredag 16. november 2012

November

November



Novembernatta
kan vere 
vakker
og
stemningsfull!


Berre innom for å ønske alle ein fin fredagskveld!

Her i huset er det fortsatt full maleaktivitet- håper å begynne å få på plass litt i morgon.
Det følest nesten som om vi har fått ny stove...
Det ballar på seg kan ein vel sei...

Mvh

Monica

onsdag 14. november 2012

Interiør

Litt interiør

og oppussingsprosjekt...



Takk for gode råd på forige innlegg!
Lampen får vente litt medan eg bestemmer meg for kva for ein framgangsmåte eg skal velge.
I mellomtida har eg andre prosjekt...

No er eg godt i gang med å grunne vår nye vitrine- Det vert ein del ommøblering før den kan få sin nye plass- men eg håpar og trur at resultatet vert bra- gledar meg!
Ekstra kjekt at den før har stått på kjøkkenloftet til farmor!
Når eg først er i gang med malarkosten har eg leita fram forskjellig andre ting som skal få seg ein omgang også....vert ikkje ferdig med det første.
Bilder kjem etterkvart...
(Berre for ordens skuld: alle bileta på innlegget i dag er frå tidlegare "prosjekt").


Ønsker alle ei fortsatt fin veke!

Mvh

Monica

søndag 11. november 2012

Julekort

I`m dreaming of a white


Christmas....



Som de ser er Temaet her fortsatt Julekort....
MEN:
I kveld vil eg gjerne be om gode råd!
Lampen på biletet under her er eg veldig glad i- men eg likar ikkje fargen på sjølve lampefoten. Eg har lest ein stad at ein kan behandle metallet t.d. forsølve eller patinere? 
Eg finn ikkje igjen kilda til denne informasjonen og no lurer eg på om nokon der ute veit råd?
Kva kan eg gjere og korleis????
Vert veldig glad om nokon kan hjelpe!
Har akkurat fått telefon frå nokon som har eit gamalt skap dei hadde tenkt å brenne- men så hadde ein "kjekk kar" tenkt på meg og sagt at dei ikkje måtte brenne det før eg har fått sett på det- Så no står skapet og ventar i ei garasje - og i morgon skal eg få sjå...
Kjempespennande!
Forsto det slik at det er snakk om eit vitrineskap som har stått på eit kjøkken...
No sitt eg og tenker på kva som må ut for evt å få det inn....

Ønsker alle ein fin søndagskveld!

Mvh Monica

lørdag 10. november 2012

Klesvask

Så gjør vi så når vi vasker vårt tøy





Eg held fortsatt på å prøve ut idéar til årets Julekort. Eg har mange planar og har tatt mange bilder i litt forskjellige stilartar - så det kjem sikkert meir i same kategori frå meg framover no...
No ventar eg berre på litt Julesnøv for eg har fortsatt ein del idéar som eg ikkje har fått prøvd ut enda!

Alle bildeseriane har eit litt nostalgisk preg- Norsk natur må også med- 
og ungane selvfølgelig!
Så det vert mange turar ut i skog og mark- LOVE IT!

Velkomen til nye følgarar- 
og takk for alle Koselege kommentarar på forige innlegg!

God Helg!
Klem frå 
Monica

mandag 5. november 2012

Interiør

Kjøkken
Tema på månedsutfordringen til NIB er Kos og dette er mitt bidrag:
Litt Julestemning - er ikkje det Kos då?
Ikkje ofte eg tek interiørbilder- men litt har eg da i bildearkivet... 


Døra i bakgrunnen her går inn til spisskammerset- føler meg litt heldig som har eit-
spesielt sidan kjøkkenet er litt i minste laget...


Kjenner at eg begynner å glede meg til Jul
mykje inspirasjon å hente ute i blogglandia...


Synest de at det er tidleg å begynne å tenke på Jul no eller er de som meg 
-klarar knappt å vente?...


Med venleg helsing
Monica

onsdag 31. oktober 2012

God morgon!
Finst det noko deiligare enn å starte ein fridag med lunt nybakt ein kald vinterdag?
Hadde ikkje vore meg imot nei- men dette bildet er nok tatt litt seinare på dag - for eg måtte stå opp og bake først!



Eg har begynt å ta bilder med tanke på årets Julekort- Storkosa meg på eit gamalt tun her i nærleiken saman med eldste jenta...
Måtte utnytte snøven- for eg reknar ikkje med at den vert liggande så lenge.




Dette var berre eit lite utvalg- Det vart også andre bilder i litt andre fargetonar og stilartar- viser sikkert fram dei også her på bloggen etterkvart...

Mvh
Monica

mandag 29. oktober 2012

Sommarminner

Sommarminner:
Deilige blåbærpannekaker på verandaen ein varm sommardag!


Brokkolisalat laga av eiga avling og kald kvit vin.....


No er det ikkje slik at eg lengtar etter sommaren- ikkje enda- det brukar eg ikkje å gjere før etter Jul....
Eg berre hiv meg med på utfordringa til Mandagstema!



Ønsker alle ei flott ny veke!

Klem frå Monica

lørdag 27. oktober 2012

Tid for te

A cup of Tea
Ein kopp te


På ein kald haust-dag etter at dei første frostnettene har budd på både snø og vinterstormar er det fortsatt deilig å gå ein tur i hagen. Kjenne på friske lukter frå skog og mark, varme seg med ein kopp te og glede seg til å kome inn igjen til godstolen framfor vedovnen - drøyme seg vekk i ei interiørbok eller ei hagebok- legge planar- Berre finne roa!


Dei siste blåbæra frå hagen -som frosten fortsatt ikkje har tatt- Godt!



Ingenting varmer så godt som skikkelig bjørkaved- frå eigen skog. Kansje like mykje på grunn av den gode lukta?!


Einebær kan brukast til så mangt - Også til dørkransen! Dekorativt og flott og så luktar det så reint og godt!
Furukonglar som eg brukar til Juledekorasjonar og Nøtteliten til vinterføde! Nøtteliten får dei som heng i treda- eg plukkar dei som han er ferdig med og kastar ned.... 


Eg lenkar dette innlegget til:





God Helg!
Helsing Monica

mandag 22. oktober 2012

Haust

Haust

I dag er det skikkelig plaskevær her- ein slik dag då det er godt å berre sitte i sofakroken med ei kanne te og levande lys på bordet, blade litt i ei bok eller som no ta ei runde til "Blogglandia".
Trur jammen eg skal hive meg rundt å bake bollar til minsten kjem frå skulen- Då vert han vel glad?!
Synest det skal vere litt ekstra kos dei dagane mamma er heime- Godt å ete frukost i lag før skulen og godt å vere her og ta imot etter endt skuledag...
Det er så tydeleg at ungane set pris på det også:
"Er du heime i dag mamma?", -Kva dag er du heime da?" 








Det siste bildet linkar eg til Helene med bloggen Alt som er vakkert sitt:


Ønsker alle ei flott ny veke!

Mvh
Monica

Lignende innlegg

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

Search