Sider

torsdag 27. november 2014

mandag 10. november 2014

november 2014

Red with white spots...


Eg har begynt å lage kransar til jul.
Eg brukar mose og eine som eg hentar i skogen. 
Nokon er enkle berre med eit enkelt band, 
andre skal pyntast med blomster, konglar og diverse bladgrønt.
Eg likar egentleg best det enkle og brukar helst ting som eg sjølv finn ute i naturen.

Om nokon har tips til blomster som kan vere gode å dekorere kransar som skal på gravplassen med
 vert tips tatt imot med takk :-)

Ønsker alle ei fin novemberveke!

Mvh Monica


torsdag 6. november 2014

November 2014

Berre ein Kongle....


Ein kan finne inspirasjon i så mangt
for eksempel ein furukongle...

Eldste jenta kom heim med flott haustbukett som ho har laga sjølv i dag. No sitt eg her berre å kosar meg og tenker på alle dei fine bukettane som det kan bli i framtida...- gledar meg til ho kan lære meg litt om blomsterbinding ;-)- skal tru om dette vert vegen ho vel å gå vidare?


Spennande...

Mvh Monica

mandag 3. november 2014

November

Allhelgensdag

-Ikkje til å spøke med.......?


Den kristne høgtida Allehelgensdag markerast ofte med levande lys på 
gravene til avdøde slektningar. 



Eg tok eldste jenta (som kan like ein god grøssar) med på Kyrkjegarden for å fotografere...
Håpar ikkje nokon finn bileta støtande - i tilfelle må eg berre beklage....


Hensikta var å få litt trening i fotoredigering og med Halloween og Allhelgensdag som inspirasjonskilde- ja så måtte det bli noko med litt Grøss...


Bilete over her var det eg likte best sjølv....

Eg synest dei gamle Krossa er så fine.


Ønsker alle ei fin Novemberveke!

Mvh Monica!






Lignende innlegg

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

Search