Sider

onsdag 27. mars 2013

Påske


 GOD PÅSKE!


 

Berre juks 
- bileta er gamle
- men eg kunne ikkje dy meg 
for eg lengtar slik...





onsdag 20. mars 2013

Uterom

Uterom

    


 

Her kjem eit til bidrag frå vårt Uterom.
Om du vil kan du sjå fleire bidrag hjå

Mykje inspirasjon å hente!

Mvh
Monica

Uterom

UTEROM

 

 

 





Dette var eit lite bilderas frå vårt uterom...
Møblane her flyttar på seg alt etter sol, vind og tid på året...
og vi har mange sitteplassar rundt om kring.

Mitt bidrag til konkuransen hjå 
Franciskasvakreverden

Mvh
Monica

tirsdag 19. mars 2013

Blomster


Flower Power

 

Eit sukkersøtt innlegg frå meg i dag- både på den eine og den andre måten. 
Eg har vore på hagevandring- men ute er det kaldt, brunt og litt trist?! Tok litt bileter av knuppar som vågar seg opp av snøven- men den heilt store vårfornemmelsen er det ikkje utanfor døra her. Korleis er det hos deg? Finn du teikn på vår?

 


Julerose og snøklokker 
og under her: Tulipa design impression
Sistnevnte er vel kansje den som har kome lengst- litt overraskande...


Mvh
Monica

søndag 17. mars 2013

Påske

Snart Påske...

 

Berre innom for å ønske alle ein fin fin søndag!

 Mvh 
Monica



fredag 15. mars 2013

Vin og Ost

 Kveldskos




Ostefat frå Egersund- kjøpt på Brukt og Antikk i Trondheim.

GOD HELG!
Innlegget er linka til Vintage Interior Blogs VI

Mvh
Monica

Soverom

 SOVEROM





 

Slenger meg på konkuransen i Franciskas Vakre Verden
heilt i siste liten- skulle egentlig lage eit innlegg frå Uteromet
- men der var konkuransa alt stengt...

Soveromsmøblane har eg arva etter farmor
Møblemanget inneheld: seng, 2 nattbord, 2 puffar, toalettkommode og lintøyskap.
Speiel og børste i sølv er også arva etter farmor
- mange gode minner her!
Romet er enkelt innreia- med ting som betyr noko for meg- akkurat slik eg vil ha det!

Mvh
Monica




onsdag 13. mars 2013

Vår

Vårsysler


Eg drøymer meg vekk i frøkatalogar og blomsterkatalogar, 
kosar meg med hagebøker og blad og let meg bli inspirert...
Eg sår frø og driv fram granium, georginer og skjermlilje.
Eg let meg friste til å handle litt i hagesenteret- 
stemor, narcissar, perleblomster, forglemmegei, tusenfryd...
Det går mot vår og eg lengtar....

Korleis er det med deg?
Lengtar du?

Mvh
Monica

mandag 11. mars 2013

melk til inspirasjon

Milk



Når eg var lita jente huskar eg at farmor alltid hadde ein mugge med fersk melk i kjøleskapet som ho henta i fjøset før melkebilen kom- Ein koseleg mugge som var fin å sette fram-
denne melkemuggen har eg på hylla på kjøkkenet no.

Eg synest eigentleg at ei gammaldags flaske, eller ein fin mugge gjer seg betre til melka på frukostbordet enn nymotens melkekartongar- slik for syns skyld meinar eg...


Ønsker alle ei fin ny veke!

Mvh
Monica

fredag 8. mars 2013

Vår

 Vårlengt...


Gratulerer med kvinnedagen og God Helg!
Mvh
Monica

mandag 4. mars 2013

Interiør - detaljer


 Something old 

something new...



Hardangersaumduken som ligg på bordet har eg brodert sjølv, det lærte eg av mormor som jentunge- Noko som eg set veldig stor pris på no! Har laga mykje fint både til meg sjølv og andre, akkurat no held eg på med ein løpar- synest det er så koseleg å sitte med eit handarbeid.

Kjøkkenhandkledet av lin er kjøpt på ein bruktbutikk i Trondheim, saman med noko anna fint som de skal få sjå seinare. (Om ein legg godvilja til kan ein sei at bokstaven min M står på- om ein er realistisk er det nok heller ein W som eg har snudd  på hovudet...)

Den flotte trekassa har svigerfar laga- gjett om eg vart glad då han kom med den!

Slik ser det altså ut på kjøkkenbordet her i dag...
Ute regnar det...

Håper alle får ei fin veke!

Mvh
Monica

fredag 1. mars 2013

Ved havet Del3

Ut mot havet 

3



Siste bileta frå søndagsturen vår kjem i dag
håper de ikkje er leide... 
Det nydelege sjalet som Maria har på seg her har oldemor strikka- det er i ull og varmar derfor godt!
Kjole og vantar er også i ull.
Når eg ser desse bileta lengtar eg alt til neste tur- Ut mot havet. Eg vil høyre lyden av bølgene som rullar inn, kjenne den friske og salte lukta og sjå sola gå ned i havet...


 Eg lovar at neste innlegg frå denne kanten skal by på litt interiør.
Neste innlegg skal inneholde både eit lite bruktfunn og noko som eg har laga sjølv.


I dag er første dagen i første vårmånaden
snart klart for ein ny hagesesong- gledar meg!

 

Med dette ønsker eg alle ei
GOD HELG! 




Mvh
Monica



Lignende innlegg

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

Search