Sider

onsdag 23. januar 2013

kjøkken

Vårstemning på kjøkkenet



Når eg begynner å lengte mot vår hjelp det  litt med blå perleblomster på kjøkkenet. 
Ein kopp te frå ein blå kopp som har vore vekkstua ei stund hjelp også.
Lit kvistar tatt inn frå hagen (og frå blomsterbutikken) har også god effekt!


Ein gammal koppehandduk i lin med litt blå render er heller ikkje dumt...


I dag har eg brukt formiddagen til dagdrøyming i bloggverdenen- Det har vore koseleg det- og mykje inspirasjon har eg fått. 
Men no forlet eg blogglandia og dagdraumane for ei stund og sett i gang med litt husarbeid i staden- for det gjer seg no ikkje sjølv det heller...

Mvh

Monica

mandag 21. januar 2013

På fjellet

Vinter og Vår



I dag har eg kosa meg og tatt fram litt vårleg service på kjøkkenet- kjenner det var godt å få vekk det raude no- eg er glad i raudt, men nok er nok...
Eg skal vise meir bilete frå kjøkkenet seinare- men no litt frå Fjellturen i går!


Kaldt og mørkt og lite sol....


Men feiande Flott var det...
Eg fekk også auge på ein flokk med Sidensvans- då skulle eg gjerne hatt eit anna objektiv- men 
"man tager hva man haver" 


Det var glatt
Speilblankt- kan ein vel sei?!


Ønsker alle ei fin ny veke!

Mvh

Monica


søndag 20. januar 2013

Kjøkken

Litt frå mitt kjøkken...

Fargetonane de ser over her trivast eg veldig godt med- 
Kjedeleg synest sikkert mange, 
Behageleg og beroligande synest eg!


I dag har eg vore på fjellet og i middagsselskap-
Ein herleg søndag med andre ord!

Håper de har ein fin søndag også!

Om tida strekk til skal eg legge ut iskalde bileter frå fjellturen i morgon...

Mvh

Monica

fredag 18. januar 2013

Vedhogst

LA ØKSA GÅ...




Her ser de kva vi styrer med om dagane
-mykje godt arbeid!

Med ynskje om ei God Helg!

Mvh
Monica

mandag 14. januar 2013

Blomster

Fortsatt vinter 

-men med lengt mot vår

Jula er rydda ut og vi er klar for eit meir vårleg preg- tulipanar, sviblar og kvistar av ulike slag har kome inn i stova her og sørgar for litt farge i tilværelsen.
Ute er det kald vinter og barfrost
eg kosar meg med godt lesestoff inne
-spesielt deilig å sette seg inne ved vedovnen med ei bok etter å ha holdt på i timesvis med vedhogst ute.


For å seie det slik, kjem vi ikkje til å gå tome for ved første åra
og godt er no det.
Å vede er trening eg forstår meg på: - frisk luft, få bruke kroppen og nyttig i dobbel forstand!


Årets første frøbestilling er sendt inn- og eg har forstått at også i år kjem eg til å få problem med å begrense meg...- ein må nemleg prøve på det om ein ikkje har drivhus og drivinga skal skje i vinduskarmen, men eg har lest om noko dei kallar "kalddriving" -kansje kunne det vore noko?
Nokon som har erfaringar med dette og som dei vil dele dei med meg?


I dag sitt eg i sofakroken med ein liten kar som er heime frå skulen pga influensa- fjerde dagen med feber og manglande matlyst...trur jammen eg skal bake litt- kansje kan det hjelpe litt på apetitten?! 
Og om ikkje- tenker eg baksten får bein å gå på likevel...


Ønsker alle ei fin ny vinterveke!

Mvh
Monica

torsdag 10. januar 2013

Interiør i bruntonar

God Helg!





Med ei God bok,
levande lys,
late morgonar,
ein kopp Kaffe og litt sjokolade...

Vil eg gjerne benytte sjansen til å ønske alle ei
GOD HELG!

Mvh
Monica


fredag 4. januar 2013

Godt Nytt År

GODT NYTT ÅR!





Berre ein liten snartur innom for å ønske alle eit Godt Nytt År!
Tusen takk for alle koselege kommentarar og for alle fine nyttårshelsingar!
Eg kjem snart innom dykk alle ein tur- gledar meg!

Klem frå 
Monica

Lignende innlegg

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

Search