Sider

mandag 30. mars 2015

mars 2015

Blått til lyst...

Stemor er ein av mine absolutte favorittar tidleg på våren
spesielt dei blå - tenk at noko som ser så skjørt ut kan tåle kulden så godt.


Fekk meg ein overraskelse:
 Brokkolien som eg sådde forige sesong har overvintra og står no klar med små lilla bukettar - smakte godt gjorde dei også. 


Mvh Monica


søndag 29. mars 2015

Påske 2015

PÅSKE


Eg har rett nok ikkje Påskeferie heilt enno,
men eg har pynta litt til påske ved inngangen.




Likte godt betong-egga som eg har støypt
-her omkring er det nemleg veldig greit med ting som tåler litt vind og vær 
og ikkje flagrar sin veg ved første vindpust.


Eg har tatt inn nokon kvistar frå plommetreet.
Dei luktar så godt- eg må bortom og sniffe litt kvar gang eg går forbi.
I år er det mykje blomster- får håpe det vert mykje plommer også.


Gåsungane har begynt å sprette ut og eg har tatt inn greiner både med hannblomst og hoblomst
- like fine begge to.


Gullbusk blomstrar også
- sjølvsagt måtte eg ta inn nokon greiner frå den også.


Julerosa har vorte kraftig og blomane er nydelege
- skulle ønske at eg fekk dei doble julerosene til å trivast like godt...

Påskeliljene har eg plukka i hagen, men tulipanane er kjøpte på butikken
Gledar meg til tulipanblomstring i hagen.

Den som har ein hage har alltid noko å glede segt til... 


Mvh Monica




onsdag 25. mars 2015

Mars 2015 Vårstemning i hagen

VÅRSTEMNING I HAGEN


Ei slik eng med krokus, som på biletet under, er det desverre ikkje i min hage
- men ein kan no drøyme...




Vårlyng og ei løkplante som eg har gløymt navnet på...
(trur den stammar frå Persia?)


Mvh Monica


torsdag 19. mars 2015

Mars 2015

Snøklokker 


Det er noko spesielt med desse første spede blomane
Dei kjem med bod om ein ny vår- og vårlengten kjem sigande
No er snøklokkene snart avblomstra og dei første frøa er sådd og står til driving i vinduskarmen
Eg er klar
og full av forventning :-)


Mvh Monica


onsdag 11. mars 2015

VÅRTEIKN

VÅRTEIKN

- i mars



Endeleg skin sola!
Krokus, snøklokker og Klosterklokker blomstrar i hagen.
Eg gledar meg til ein ny hagesesong
-Det er godt å vere til!
 

Mykje spennande som skjer for tida
Kanskje er ein draum i ferd med å gå i oppfyllelse...


Ynskjer alle gode dagar!

Mvh Monica

Lignende innlegg

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

Search