Sider

torsdag 9. januar 2014

Januar

Vårfornemmelser i Januar!


Tru det eller ei
alle bileta er tatt i dag 9 Januar!
På ein tur rundt i hagen oppdaga eg at både Primula, Julerose og Tusenfryd står i blomst.

Roser, hortensia og magnolia har fått nye skudd og
Perleblomst og krokus skudd stikk alt langt opp av jorda.

Ikkje så rart då at ein får vårfornemmelsar…
Så får eg berre håpe at seinare frostperioder ikkje øydelegg for mykje...


No skal eg kose meg med ein kopp kaffi og årets første frøkatalog
- Sweet Dreams!


Åhhh -mykje å glede seg til!

Mvh Monica


3 kommentarer:

  1. Hei Monica! Du som er god på frø og slikt. Kva frø bør ein nybegynner satse på? Sidan hagen i Nilsgarden kun er under planlegging på papiret må eg satse på sommarblomster i krukker eit år til. Kva nettbutikk bruker du? God kveld til deg :-)

    SvarSlett
  2. Hei Irma! "Den norske frøkatalogen- Botanisk Verden" er heilt OK og her finn du frø som er tilpassa våre forhold. Malva, Blomkarse, Blomsterert, Cosmos (Pyntekorg), Lavatera(Sommerstokkrose), Lobelia, Nicotina(Prydtobakk), Papaver(Valmue), Solsikke, Stemor, Bellis(Tusenfryd) og Iberis(Snøsløyfe) har eg gode erfaringar med og dei blomstrar første sesongen. Revebjelle og lupine er også lette å få til, men dei blomstrar ikkje før året etter. Ein god idé kan også vere å plante stauder i krukker, om du har god drenering i pottene og det er romsleg nok klarar dei seg fint eit par år. Mi erfaring er at planter som eg sjølv har sådd frå frø kjem seinare i blomst enn tilsvarande planter på hagesentera (eg har desverre ikkje drivhus), men til gjengjeld så får du mykje for pengane når dei først sett igang :-) Om du vil kan vi sende felles bestilling eg er medlem og får 10% rabatt + 30% rabatt på klubbtilbud :-)
    Ha ein fin kveld du også :-)

    SvarSlett
  3. Såg svaret ditt først no. Eg er gjerne med på fellesbestilling til neste sesong :-)

    SvarSlett

Lignende innlegg

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

Search