Sider

mandag 13. januar 2014

Januar 2014

Lysstøyping



Eg er ein av dei mange som brukar mykje levande lys og då spesielt no i mørketida.
For nokon år sidan kjøpte eg meg diverse utstyr til å støype lys sjølv.
Eg samlar på alle lysrestar og kvart år før jul brukar eg nokon kveldar til å støype mine eigne lys.

Eg varmar vatn i ei stor panne og sett "kolben" med mine lysrestar i til dei har smelta, så festar eg veiken i lysformene og heller i den flytande stearinen,  så er det berre å vente til det stivnar.

Utstyr til Lysstøyping kan med anna kjøpast på Panduro Hobby.

PS: Eg skulle gjerne hatt ei form til å støype "Hellige-tre-kongers-lys" til neste Jul
-er det nokon som veit kvar eg kan få tak i ei slik vert eg glad for tips!




Mvh Monica














3 kommentarer:

  1. Hei! Eg har laga mange hellige tre kongars lys, og trur ikkje dei er så lette å støype i form. Har ikkje sett nokon som er støypt, trur eg. Det går an å dyppe dei, derimot, og om det enn tek lang tid, så er det ein fin aktivitet! Eg la ut eit innlegg om trearma julelys på litenfugl.blogspot.no like før jul, der står det litt om dyppinga. Tilrår å prøve :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei! No har eg vore inne på bloggen din og lest- og ein utruleg flott beskrivelse må eg seie at det var! Dette kan eg tenke meg å prøve- til neste jul kanskje?! Takk for gode råd :-)
      Mvh Monica

      Slett
  2. Så kjekt å lage sine egne lys.
    Jeg hadde planer om det til jul ,men tiden strakk ikke til .
    Samler videre på lysstumper...og prøver igjen .
    Flotte lys hos deg !
    Klem Anne

    SvarSlett

Lignende innlegg

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

Search