Sider

søndag 5. april 2015

April 2015

Ein fin dag!


I går hadde eg ein FIN dag!
Eg var tidleg ferdig på jobb og møtte ein god ven til lunsj.
Så fekk eg melding frå ein hageven - eg måtte kome på besøk, ho hadde noko til meg.
Etter ein god prat over ein kopp te vart det omvisning på eit gamalt småbruk, både i hus og hage.
Eg fekk også helse på søte små lamb og på ein kjekk hanefar
og med meg heim fekk eg ein heil pose med ramsløk og nokon stokkroser.
Når eg hadde fått mine nye planter i jorda her heime, tok eg meg ei runde i hagen
og då fekk eg til mi store glede sjå at dei rosa perleblomstrane har begynt å blomstre!
Eg har ønska meg slike i fleire år og i fjor var dei endeleg å få kjøpt her i Norge!
Alt i alt ein god start på helga!

Her er det vårtemperaturar ute i dag, men litt vind
Eg skal ha meg ei runde ute i hagen, kanskje ta litt bileter av mine rosa perleblomster...


Håper alle får ei fin helg!

Mvh Monica



April 2015

Å ha det på badet...


På hytta vår er der ikkje bad og dusjmulegheiter
så når vi kjem tilbake etter nokon dagar på fjellet 
er det alltid like godt å kome seg på badet...


Med friske greiner frå plommetredet i hagen
og fyr i den gamle oljelampen vert det ekstra koseleg


Noko anna som er koseleg når eg kjem tilbake frå fjellheimen 
er å gå seg ei runde i hagen for å sjå på alt som spirar og gror.
Det er heilt utruleg å sjå kor mykje som har skjedd berre på nokon få vårdagar...
Eg tok litt bileter i hagen også, men dei kjem i neste innlegg...

Fortsatt God Påske!

Mvh Monica 

onsdag 1. april 2015

April 2015

Bake kake søte...


Fekk eit heilt brett med gardsegg frå ei venninde
og kakeoppskrift med ei anna
Då måtte det bli baking! 


No er vi omsider klare til å reise til fjells 
-for Påska skal tradisjons tro tilbringast på hytta


Mvh Monica

mandag 30. mars 2015

mars 2015

Blått til lyst...

Stemor er ein av mine absolutte favorittar tidleg på våren
spesielt dei blå - tenk at noko som ser så skjørt ut kan tåle kulden så godt.


Fekk meg ein overraskelse:
 Brokkolien som eg sådde forige sesong har overvintra og står no klar med små lilla bukettar - smakte godt gjorde dei også. 


Mvh Monica


søndag 29. mars 2015

Påske 2015

PÅSKE


Eg har rett nok ikkje Påskeferie heilt enno,
men eg har pynta litt til påske ved inngangen.




Likte godt betong-egga som eg har støypt
-her omkring er det nemleg veldig greit med ting som tåler litt vind og vær 
og ikkje flagrar sin veg ved første vindpust.


Eg har tatt inn nokon kvistar frå plommetreet.
Dei luktar så godt- eg må bortom og sniffe litt kvar gang eg går forbi.
I år er det mykje blomster- får håpe det vert mykje plommer også.


Gåsungane har begynt å sprette ut og eg har tatt inn greiner både med hannblomst og hoblomst
- like fine begge to.


Gullbusk blomstrar også
- sjølvsagt måtte eg ta inn nokon greiner frå den også.


Julerosa har vorte kraftig og blomane er nydelege
- skulle ønske at eg fekk dei doble julerosene til å trivast like godt...

Påskeliljene har eg plukka i hagen, men tulipanane er kjøpte på butikken
Gledar meg til tulipanblomstring i hagen.

Den som har ein hage har alltid noko å glede segt til... 


Mvh Monica




onsdag 25. mars 2015

Mars 2015 Vårstemning i hagen

VÅRSTEMNING I HAGEN


Ei slik eng med krokus, som på biletet under, er det desverre ikkje i min hage
- men ein kan no drøyme...




Vårlyng og ei løkplante som eg har gløymt navnet på...
(trur den stammar frå Persia?)


Mvh Monica


torsdag 19. mars 2015

Mars 2015

Snøklokker 


Det er noko spesielt med desse første spede blomane
Dei kjem med bod om ein ny vår- og vårlengten kjem sigande
No er snøklokkene snart avblomstra og dei første frøa er sådd og står til driving i vinduskarmen
Eg er klar
og full av forventning :-)


Mvh Monica


Lignende innlegg

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

Search