Sider

tirsdag 14. januar 2014

Januar

VINTER

FUGLAR OG FROST I HAGEN


Ute i hagen kryr det av småfuglar og eg kosar meg når eg kikar ut av kjøkkenvinduet og følger med i all aktiviteten. Frå vinduet ser eg ein stor flokk med dompappar og grønfink, kjøtmeis, blåmeis, løvmeis, rødstrupe, spurv og ein og annan trast. Når eg kjem ut er dei snare å forflytte seg opp i dei høgste greinene på storbjørka nedom huset- Eg har prøvd å kamuflere meg både med teppe og sjald, men dei søte små er visst av den besjedne sorten…

Eg har tatt mange bileter, men dei fleste er både blasse og uklare og ingenting å vise fram…
Eit nytt teleobjektiv for fuglefotografering står no høgt på ønskelista!


Fuglen på biletet er ein Gråsisik.

Mvh Monica!



mandag 13. januar 2014

Januar 2014

Lysstøyping



Eg er ein av dei mange som brukar mykje levande lys og då spesielt no i mørketida.
For nokon år sidan kjøpte eg meg diverse utstyr til å støype lys sjølv.
Eg samlar på alle lysrestar og kvart år før jul brukar eg nokon kveldar til å støype mine eigne lys.

Eg varmar vatn i ei stor panne og sett "kolben" med mine lysrestar i til dei har smelta, så festar eg veiken i lysformene og heller i den flytande stearinen,  så er det berre å vente til det stivnar.

Utstyr til Lysstøyping kan med anna kjøpast på Panduro Hobby.

PS: Eg skulle gjerne hatt ei form til å støype "Hellige-tre-kongers-lys" til neste Jul
-er det nokon som veit kvar eg kan få tak i ei slik vert eg glad for tips!




Mvh Monica














søndag 12. januar 2014

Januar

Kosestund

Ei lita kosestund ute på verandaen ilag med Godjentene mine
-det var kaldt så vi vart ikkje sittande der så lenge.
Gjekk oss ein fin tur og då begynte snøven å dale ned også…
Lukta av vedfyring og kald klar luft…
Livet er Godt!



   



God Helg folkens….

Mvh Monica

torsdag 9. januar 2014

Januar

Vårfornemmelser i Januar!


Tru det eller ei
alle bileta er tatt i dag 9 Januar!
På ein tur rundt i hagen oppdaga eg at både Primula, Julerose og Tusenfryd står i blomst.

Roser, hortensia og magnolia har fått nye skudd og
Perleblomst og krokus skudd stikk alt langt opp av jorda.

Ikkje så rart då at ein får vårfornemmelsar…
Så får eg berre håpe at seinare frostperioder ikkje øydelegg for mykje...


No skal eg kose meg med ein kopp kaffi og årets første frøkatalog
- Sweet Dreams!


Åhhh -mykje å glede seg til!

Mvh Monica


onsdag 8. januar 2014

Januar 2014

Januar 2014

GODT NYTT ÅR!


Startar det nye bloggåret med litt bileter frå stova vår
synest alltid det er litt vemodig å pakke vekk "Jula"
men samtidig er det godt å kome tilbake til kvardagen.

    

Stovebordet vårt er eit gamalt kjøkkenbord som vi kjøpte for 400 kroner og saga av beina på,
eg er veldig fornøgd med det, sjølv om eg av og til vurderer å male det kvitt
-foreløbig har det blitt berre med tanken…

Eit slikt bord treng ein ikkje vere redd for å få riper i heller

-Ein dag eg hadde besøk var det ei lita frøken som begynte å kjøre bil på bordet
"Du må ta bilen ned på golvet, det kan verte riper i bordet" sa mora.
"Men det er no alt ødelagt?!" svarte jenta.

Hærlige dissa små!

Mvh Monica







mandag 23. desember 2013

Desember

GOD JUL


Vil ønske alle ei God Jul!
Her i huset  er vi nokolunde i rute og har nytta dagen til 
Juleverkstad og legobygging saman med borna, 
samt koseleg Julebesøk.

Resten av kvelden skal vi slappe av og kose oss
med "Kvelden før kvelden"

Juleklem 

frå Monica








fredag 13. desember 2013

Desember

Fuglemat





Farmor si gamle kakeboks passar kjempefint til å oppbevare fuglematen i.

God Helg! 

Mvh Monica

Lignende innlegg

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

Search