Sider

søndag 29. mars 2015

Påske 2015

PÅSKE


Eg har rett nok ikkje Påskeferie heilt enno,
men eg har pynta litt til påske ved inngangen.




Likte godt betong-egga som eg har støypt
-her omkring er det nemleg veldig greit med ting som tåler litt vind og vær 
og ikkje flagrar sin veg ved første vindpust.


Eg har tatt inn nokon kvistar frå plommetreet.
Dei luktar så godt- eg må bortom og sniffe litt kvar gang eg går forbi.
I år er det mykje blomster- får håpe det vert mykje plommer også.


Gåsungane har begynt å sprette ut og eg har tatt inn greiner både med hannblomst og hoblomst
- like fine begge to.


Gullbusk blomstrar også
- sjølvsagt måtte eg ta inn nokon greiner frå den også.


Julerosa har vorte kraftig og blomane er nydelege
- skulle ønske at eg fekk dei doble julerosene til å trivast like godt...

Påskeliljene har eg plukka i hagen, men tulipanane er kjøpte på butikken
Gledar meg til tulipanblomstring i hagen.

Den som har ein hage har alltid noko å glede segt til... 


Mvh Monica




5 kommentarer:

  1. Hei Monica! Så koselig du har pyntet ute til påske!! Det gamle blå spannet og trekassen var jo bare superfint!! Ønsker deg en riktig god påske!

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei :-) og Takk :-)
      Det gamle blå spannet og trekista er henta frå eit nedlagt småbruk her i nærleiken. Når det vart bestemt at det gamle huset på bruket skulle rivast kontakta dei meg og inviterte meg bort for å rydde ut alt av interesse- så eg har mange skattar derifrå :-) God Påske!
      Mvh Monica

      Slett
  2. Smuk og eventyrlig påskestemning. Dejlige billeder. Jeg elsker også at bruge betonæggene i havens dekorationer.
    Kærlig hilsen Anette

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Anette :-) Inspirasjon til betongegga er henta frå din blogg. Eg starta helga med å sjå alle forige sesongs reportasjer frå din hage - gledar meg til ein ny sesong :-)
      God Påske!
      Mvh Monica

      Slett
  3. Skøn blog..... Sikke smukke billeder...
    Tak for kigget - og god påske
    Klem Susanne

    SvarSlett

Lignende innlegg

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

Search