Januar 2014
GODT NYTT ÅR!
Startar det nye bloggåret med litt bileter frå stova vår
synest alltid det er litt vemodig å pakke vekk "Jula"
men samtidig er det godt å kome tilbake til kvardagen.
Stovebordet vårt er eit gamalt kjøkkenbord som vi kjøpte for 400 kroner og saga av beina på,
eg er veldig fornøgd med det, sjølv om eg av og til vurderer å male det kvitt
-foreløbig har det blitt berre med tanken…
Eit slikt bord treng ein ikkje vere redd for å få riper i heller
-Ein dag eg hadde besøk var det ei lita frøken som begynte å kjøre bil på bordet
"Du må ta bilen ned på golvet, det kan verte riper i bordet" sa mora.
"Men det er no alt ødelagt?!" svarte jenta.
Hærlige dissa små!
Blir tomt i hus når jula blir pakka vekk. Det hjalp med friske tulipanar her hos meg. Nydeleg pledd du har forresten! Fantastisk farge! God kveld til deg og dine. Klem
SvarSlettTenkte eg skulle kjøpe meg ein bukett tulipanar eg også til helga :-) Teppet kjøpte eg til halv pris på Kid - ikkje så mykje varme i det kanskje, men eg fallt for fargen :-)
SlettKlem
Et godt nytt år til deg Monica.
SvarSlettHerlige ord fra barnemunn..og et fint bord.
Liker så godt den fine bestefarklokka !,
Koselige bilder fra stua du viser.
Klem fra Anne
Bestefarklokka var 40-års presang frå min mann- ei slik har eg drøymt om lenge- så det var stas å få den i hus :-)
SlettKlem
Nydelige farger hjemme hos deg og den flotte kommoden :)
SvarSlettGodt Nyttår :)
Nyt dagen klem Monica
Kommoden vart kjøpt i Oslo for over 16 år sidan og eg likar den fortsatt like godt. Eg kjøpte også eit flott gamalt skap, men det er så stort at eg ikkje har plass til det- håpet er at det skal få stå i ein ny og romsleg gang ein dag…
SvarSlettKlem