I`m dreaming of a white
Christmas....
Som de ser er Temaet her fortsatt Julekort....
MEN:
I kveld vil eg gjerne be om gode råd!
Lampen på biletet under her er eg veldig glad i- men eg likar ikkje fargen på sjølve lampefoten. Eg har lest ein stad at ein kan behandle metallet t.d. forsølve eller patinere?
Eg finn ikkje igjen kilda til denne informasjonen og no lurer eg på om nokon der ute veit råd?
Kva kan eg gjere og korleis????
Vert veldig glad om nokon kan hjelpe!
Har akkurat fått telefon frå nokon som har eit gamalt skap dei hadde tenkt å brenne- men så hadde ein "kjekk kar" tenkt på meg og sagt at dei ikkje måtte brenne det før eg har fått sett på det- Så no står skapet og ventar i ei garasje - og i morgon skal eg få sjå...
Kjempespennande!
Forsto det slik at det er snakk om eit vitrineskap som har stått på eit kjøkken...
No sitt eg og tenker på kva som må ut for evt å få det inn....
Ønsker alle ein fin søndagskveld!
Mvh Monica