Sider

Kjøkkenhagen


Vi starta med "Prosjekt kjøkkenhage" sommaren 2010 og er på langt nær ferdig. Kjøkkenhagen er eit nedsunket rom i hagen omgitt av natursteinsmur og ein rabatt med Austin-roser og historiske roser, revebjeller, lavendel, diverse stauder og vårløk. Til bunndekke har vi lagt duk og deretter singel, bortsett fra et kvadrat under sitteplassen der vi har lagt betongheller. Vi har brukt pallekarmar som vi har malt og kledt med vortepapp på innsida. Vi har ei kasse med rabarbra og ei med peppermynte, i dei andre er innhaldet meir variabelt, til no har vi dyrka salat, brokkoli, gulrot, gresskar, sukkererter, jordbær og diverse sommarblomster. I tillegg til drivbenkane har vi ståande nokon store eiketønner med blant anna tyttebær og grasløk. 
Vi har også ulike krydderurter ved sitteplassen.

I hagen har vi også nokon frukttre; plomme, moreller og eple. Og diverse bærbusker; solbær, stikkelbær, ripsbær og blåbær.

Eg gledar meg til å vidareutvikle kjøkkenhagen. 
Draumen er eit drivhus!






























Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Lignende innlegg

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

Search