Mai i hagen
På trappa står vannkanna klar - om eg skulle få bruk for den....
Plommetreet står fullt av blomster og knuppar- Så fint!!!
Vi har hatt ei nydeleg Pinsehelg med sol og sommartemperaturar
-men så kom regnet igjen og nysnøen kryp nedover fjellsida, håper berre den held seg der!
Det er i alle fall godt å sjå kor alt skyt fart i hagen og verda forandrar seg frå tist gulbrun til friskt grøn med herlige fargeklattar i form av diverse blomster- og så godt som det luktar ute!
No blomstrar heggen også- og sprer god lukt over heile hagen!
Ein liten kolasje samansatt av noko av det som blomstrar i mitt kvite (og litt for mykje gule) bed akkurat no- det gule er ikkje representert i kolasjen...
Sommarfuglane har også gjort sitt inntog i hagen- så vakre! Her saman med Kuleprimula og vanlig Primula. Dette trur eg er ein Neslesommarfugl Aglais urticae.
Tulipanblomstring må vel vere eit av vårens store høgdepunkt?!
Her i hagen er dei fleste i full gang no- og eg er på daglige inspeksjonsrunder :-)
Rutelilje er så fin- Eg rakk akkurat å forevige dei før naboens søte små lam kom på besøk og spiste opp alle som ein- får håpe dei ikkje er giftige...
I skuggepartia står kvitveisa fortsatt i blomst
Nydeleg når heile skogbotnen er dekt av desse søte små!
Våren byr på eit yrande fugleliv- her representert av Linerle og Tjeld fotografert i fjøra.
I hagen i dag har eg observert; rødstrupe, bokfink, grønnfink, kjøtmeis, blåmeis, dompapp, spurv, svarthvit fluesnapper og ein Grønnsisik -Kosar meg!
Kjøtmeis og svarthvit fluesnapper har flytta inn i fuglekassene på garasjeveggen- så no håpar vi på fugleungar i hagen snart!
Dette vart eit langt innlegg til meg og vere...
Hadde mykje eg ville dele...
Ønsker alle ein flott maimånad- snart sommar!!!
Mvh
Monica